Det var eit stort stemne i 50 meters basseng, med heile 556 utøvarar frå Karasjok i nord til Kristiansand i sør, samt utøvarar frå Sverige og Danmark.

Symjarane førebudde seg godt i forkant. Pinsehelga køyrde dei oppkøyring i flotte Bømlo Symjehall.

Me fekk ein roleg start på fredagen, med sein frukost og innsvømming før stemnestart kl 12.00. Å gå frå kortbane (25m) til vanleg og over på langbane (50m) krev ei lita omstilling, men utøvarane løyste dette veldig godt.

Til tross for tidleg vekking og innsvømming før kl 7.00 var det opplagte og klare utøvarar som stilte til start laurdagen. Dei jobba godt på, og fekk inn fleire personlege rekordar. På ettermiddagen stilte 8 av 10 utøvarar til start med to lag i 4*50 medley stafett for første gong.

Søndagen starta óg med tidleg vekking og innsvømming før frukost. Samla sett var utøvarane stødige teknisk og tålte godt stemne på langbane. Alle tok minst 1 personleg rekord, og samla persa dei på nesten halvparten av startane. Stemnet vart sendt direkte via web-TV, og mange satt spikra heime for å følgja dei unge håpefulle.