Solid J-8 stilte med to lag og spelte kampar både laurdag og sundag. Vêret kunne ha vore betre, og sundagen minna meir om gjørmebryting enn handball. Men spelarane holdt motet oppe - og avslutta ei fin helg med ei flott premieutdeling i nyehallen på måndag.
Solid G-8 koste seg på handballfestivalen. Dei viste strålande innsats og stor framgong, særleg i forsvarsspelet. Ei flott helg som vart avslutta med premieutdeling.
No blir det ferie fram til august. Handballgruppa kjem med ny informasjon for oppstart både for nye og etablerte håndballspelarar etter ferien.