Spar Fitjar Cup 2019 blei avlyst for G2009-gjengen til Solid IL pga vær i helga.

Dette resulterte i mange skuffa gutar så trenere og støtteapparat heiv seg rundt på kort varsel og arrangerte internkamp mellom våre 2 lag, Solid United og Solid Red Bulls på Solidbanen.

Eit tett og finspelt oppgjør blei akkompagnert av ei magisk stemning og stor jubel fra mange foreldre, søsken, venner og andre.

Etter kampen grilla me pølser, drakk brus og kosa oss i godt samvær. Fantastisk å sjå at me klarer å endre humøret til gutane etter den store skuffelsen på morgonen.

Gruppa vår teller 23stk meget treningsvillige og ivrige gutar så me garantert kommer til å sjå meir til i framtida.