For Solid Fotball er et uttalt mål om å inkludera så mange som mogleg inn i Fotballfamilien. Me meiner at alle born som ynskjer det, skal ha moglegheit å få oppleva verdien av å spela på lag med vener. Det å ta del i eit fellesskap utanom skule, er noko alle må få kjenna på.

Samtidig ser vi at antallet born som ikkje er med på fritidsaktivitetar aukar.

På bakgrunn av dette har Solid fotball vedtatt at starta eit prøveprosjekt over 3 år der vi tilbyr gratis treningsavgift for alle born den første sesongen. Dette gjeld alle som startar å spele fotball i fyrste klasse.

Me håpar at vi gjennom dette tiltaket får med flest mogleg inn i klubben.

Når dei er komen inn i klubben, vil det vera lettare for klubben å informera om ulike støttetiltak og mogelegheiter vi har for vidare deltaking. Som bland anna Solidfondet. Det vil då også væra lettare å informere om dei andre tilboda vi har i klubben.

Privatøkonomi skal ikkje være til hinder for deltaking i Solid Fotball.

Me er veldig glad for at Sparebanken Vest har gått inn med midlar for at vi skal ha moglegheit å gjennomføra prosjektet.

Vedtaket lyder som følge:

Solid fotball vil gjennomføra et 3 årig forsøksprosjekt for å sjå kva ein lågare treningsavgift har å sei for rekruttering av born og unge. 

Solid fotball vil betala treningsavgift for alle nye medlemmer frå og med første klasse inntil det året dei startar på sin 2 sesong. 

Solid fotball vil søka å dekke inn ekstrakostnadar knyta til prosjektet hos private og offentlege aktørar. 

I løpet av det første året vil Solid fotball informera forsette om Solidfondet og andre støtteordningar som kan bidra til at alle born og unge som ynskjer det får spille fotball i klubben. 

Medlemsavgift må fortsatt betalast til klubben. 

Etter 3 år skal prosjektet evaluerast for å sjå på medlemsutviklinga. 

Resultatet av prosjektet skal foreleggast hovedstyret. 

 

Så til alle born som ynskjer å være med å spele fotball; Kom og bli med. Vi treng Deg.

 

Sunnhordland dekk saka her