IL Solid deltok som vanleg i 17. mai toget i Sagvåg, men nytt av året er at me i tillegg deltogk i borgartoget på Leirvik. Me trur at Solid har vore med i borgartoget tidlegare, men ingen hugsar kva tid det kan ha vore, så det var på tide at resten av kommunen fekk sjå kor stort og flott idrettslag me er.

Me er fantastisk glade for at så mange vart med, anten det var i finstas eller soliddrakt. Me tek sikte på at dette kan bli ein ny og fin tradisjon, så satsar me på at fana ser betre ut til neste år!