13 godt førebudde utøvarar stilte til start i Stord Swim Cup i helga. Det vart eit veldig godt stemne for IL Solid. 76% av øvelsane la dei inn personleg rekord i. Det viste ei brei forbetring i heile gruppa, med solide sprang i dei personlege rekordane. Av totalt 65 startar halte utøvarane våre inn heile 21 medaljar! Ingvild Bjørgen Gregersen tok medalje i 6 av 6 øvelsar, medan både Serina Drange Haugland og Regine Sørheim Øgård kom heim med medaljar i 5 av 6 øvelsar. Ida Christine Vad kunne henga 3 medaljar rundt halsen i helga. Malin Steinsland tok medalje i 2 øvelsar, og kom seg til semifinalen i 50 fri.
Solid stilte med ei flott og sterk gruppe rekruttar til stemnet i pausen begge dagar. Mange måtte utfordre seg med øvelsar dei aldri hadde hatt før, og stemninga etterpå var upåklageleg. Fantastisk innsats og lagkjensle!
Me viste som vanleg godt igjen i hallen, med flotte lagdraktar på mange utøvarar og trenarar. Totalt 32 utøvarar frå Solid var i vatnet i løpet av helga, og me er stolte av kvar og ein av dei! Heia Solid!!
Laurdag kveld samlast alle deltakarane, trenarane og støtteapparat på Peppes Pizza for god mat, sosialt påfyll og kos.
Takk til Stord Symjing for utmerka gjennomføring av stemnet, kjekt med heimebane for begge klubbane!