Idag har det vert ein fin Solid-dag. Mange møtte opp på aktivitetsdag. Kvar gruppe hadde laga til aktivitetsstasjon ute på Solidbanen. Flinke frivillige i symjegruppa, håndballgruppa, friidrettsgruppa, fotballgruppa og turngruppa leia barn gjennom forskjellige aktiviteter. Alle fekk eit personleg aktivitetskort, etter å ha besøkt alle stasjonene var det tid for premie. Knalltøff Solidhua, fruktbeger og vannflaske!!

Ca 80 barn var gjennom alle stasjonene!

Kaffi, pølser, frukt og kaker vert servert i solidhuset.

Fine ord frå Torleif Værøy, leiar i fotballgruppa, ordførar Gaute Epland og Anne Helene Vestbøstad fra NFF Hordaland som også leverte ut eit synleg bevis på at me no er ein sertifisert kvalitetsklubb.

Dei fantastiske Solidstjernene spelte forkamp før det var klart for herrelagets NM kvalifiseringskamp mot Fana. Kampen enda forsåvidt 0-4.

Sveip deg gjennom bildegalleriet for å sjå Glimt frå dagen.