Med stor aktivitet i IL Solid sine ulike aktivitetsgrupper ynskjer me at flest mogleg har oppdatert kunnskap om livreddande førstehjelp. Trenarar, oppmenn og andre som er involverte/aktive i eller rundt idrettsgruppene er difor inviterte til å delta på førstehjelpskurs på Solidhuset, Torsdag 21 Mars kl.18.00. På kurset vert det lagt vekt på basal førstehjelp og bruk av hjertestartar. Jamleg oppdatering er viktig, så deltaking i fjor er ingen hinder til å melde seg på i år også.

Kursbevis til alle deltakarar.

Me må ha ei oversikt over kor mange som ynskjer å delta, og ber om påmelding innan 14. Mars. Påmelding til Grethe Fadnes (grethe@fadnes.com) eller Lovise S. Heimro (lsh@hvl.no).