Brev til politikarar og administrasjon høve Nysæter-prosjektet

Noko av det viktigaste for oss som bur i Sagvåg og Litlabø er at me får best mogleg oppvekstvilkår for born og unge i bydelen. Dette inkluderer gode skular, samt tilbod og møteplassar på fritida.

I kommunen sin “Grunnlagsrapport til kommunedelplanen for Sagvåg og Litlabø” vart det konkludert med at innbyggjarane i bygda har eit sterkt ønskje om ein arena der både idrett og kultur kan bløme.  

Rapporten «Ung i Sagvåg» frå 2012 omhandlar og behovet for møteplassar for ungdom i Sagvåg og Litlabø. Fleirtalet av dei unge ønskte fleire og meir varierte tilbod, mellom anna som ikkje er så forpliktande og konkurranseprega - Fleirbruksanlegg med ulike aktivitetar for gutar og jenter, auka satsing på kulturtilbod i området, samt fleire arrangement og konsertar for ungdom. Ein møteplass der ungdommen berre kan «droppa» innom blir etterspurt.

I samband med overskridingane har rådmannen, i samråd med arkitektane, komme fram med ei liste over tiltak som kan redusera prosjektet med omlag 850 m2.

Me motseier oss dei føreslåtte tiltaka, då dei anten:

  • Øydelegg hjarterommet (inkludert amfi, scene og aula), som er det bærande elementet (og vinnarargumentet for prosjektet) til det ugjenkjennelege.
  • Reduserer storleiken og ikkje minst kvaliteten på undervisnings- og lærarlokala, noko som i tillegg er vanskeleg å gjere utan at det ut over hjarterommet. Den økonomiske vinninga om ein ikkje råkar hjarterommet er truleg liten.
  • Fjernar delar av idrettsarealet (klatrehallen), men alternativkostnaden, samt fråfallet av momskompensasjon og spelemidlar gjer at dette neppe gjer økonomisk vinst.

Hjarterommet er den viktigaste møteplassen på skulen, både for oss frivillige, for elevane og dei tilsette. Hjarterommet, slik det er planlagd, er difor heilag for oss. Kuttar ein i Hjarterommet rammar det pulsen i heile bygget og hovudargumentet for at Vis-A-Vis AS sitt prosjekt vant forsvinn. 

Dei andre tiltaka vil gje så minimale innsparingar at det ikkje bør vurderast å utsetje prosjektet for å få desse gjennomført.

Me ønskjer i tillegg å komme med innspel om to konkrete forbetringar som aukar verdien av prosjektet, men som ikkje treng vera fordyrande for kommunen om dei vert gjennomførte på rette måten.

 

  1. Når det skal byggjast nytt basseng bør dette utvidast til 25m, då det er rekna som både utdatert og dyrt å byggje 12,5m basseng som ikkje er del at eit større anlegg. Ved å ta i bruk ny bassengteknologi (til dømes PVC/stålbasseng med heve- og senkebotn) kan ein få eit fleksibelt basseng som kan nyttast både til opplæring og trening. Meirkostnadane med eit slik basseng vil ein kunne hente inn gjennom ei kraftig auke i spelemidlar og eventuelle ENOVA-midlar.
  2. Det vert bygd basishall vegg-i-vegg med bassenget og fleirbrukshallen, samstundes med resten av prosjektet. IL Solid ønskjer å få høve til å finansiere denne, til dømes gjennom eigne midlar, gåver og tilskot frå andre aktørar, slik at Stord kommune ikkje får noko ekstrakostnad ved å byggje ein basishall.

 

I NIF sitt utkast til ny anleggspolitikk for 2019 - 2024 er det foreslått å sette av 180 millionar kroner til bygging av “idrettents aktivitetshus”, anlegg som inneheld minst fire aktivitetsflater for ulike idrettar.  Slik me ser det vil ein kunne søke om slike ekstramidlar for dette prosjektet. Dette kan utgjere fleire millionar i ekstra stønad.

https://www.idrettsforbundet.no/globalassets/idrett/1nyheter/sofie/horing-ny-anleggspolitikk.pdf

 

Vårt framlegg til innstilling:

Kommunestyret godkjenner forprosjektet slik det ligg føre, men med utviding av bassenget til 25m x 8,5m, samt at det vert inkludert ein basishall, i samsvar med ønskja frå lag- og organisasjonar i bygda. Brukargruppene, med IL Solid i spissen, må få høve til å inngå ei avtale med kommunen slik at dei kan bidra med midlar til å finansiere delar av prosjektet.

 

Alternativt framlegg til innstilling

Kommunestyret godkjenner forprosjektet for Nysæter ungdomsskule med fleirbrukshall. Kommunestyret er uroa for kostnadsutviklinga i prosjektet og ber rådmannen gå gjennom prosjektet med sikte på å få betre utbytte av utbyggingskostnaden. 

Kommunestyret viser til nye og oppdaterte elevtalsframskrivingar og ber rådmannen vurdera om prosjektet kan dimensjonerast ned frå fire til tre parallellar utan at det reduserer dei andre kvalitetane med bygget.

Kommunestyret legg til grunn at endringar i prosjektet vert utarbeidd i samarbeid med arbeidsgruppa, slik at brukarane av skulen, kultur- og idrettsarealet har reell innverknad.  Innhald som ikkje blir tatt med vidare i prosjektet skal likevel inkluderast som opsjonar i anboda, slik at dei kan takast inn at om byggekostnadane vert lågare enn førespegla.

Det reviderte prosjektet skal leggjast fram for kommunestyret, som legg til grunn at den nye skulen skal kunna takast i bruk frå årsskiftet 2021-2022.

 

Vedlegg: Informasjon om enkeltelement i prosjektet

 

Fleirbrukshallen

Det er ikkje ein tradisjonell fleirbrukshall, i idretten sin forstand, som har vore etterspurt av hallkomiteen, men eit fleirbruksanlegg der ein oppnår treffpunkt og synergiar, på tvers av aktivitet og bakgrunn. 

Ein fleirbrukshall, i idrettssamanheng, er ein hall som kan nyttast til ulike idrettsaktivitetar utan klargjering/omgjering med tap av brukstid. Ein slik hall er sjølvsagt viktig for bygda, og nærast eit krav for å få bygd opp att handballmiljøet etter at Litlabøhallen vart stengd.

Fleirbrukshallen, slik han er teikna inn, er planlagt å vera så liten han kan, utan å mista tilskot gjennom spelemidlane. Det er difor særs viktig å få fram at eit tradisjonelt skulebygg, saman med ein slik fleirbrukshall IKKJE er i samsvar med det hallkomiteen jobbar for å få til, sidan ein ikkje oppnår møteplassen ein får når det skjer fleire parallelle aktivitetar.

 

Skulebygget og hjarterommet

Skulen er, i samsvar med kommunestyrevedtaket i sak PS 8/17, planlagd for tre parallellar, med moglegheit for seinare utviding til fire parallellar. Dette betyr at administrasjonsavdelinga, elevgarderobane, spesialrom, og lærararbeidsplassane er dimensjonert for eit større elevtal enn prognosane tilseier. Det er likevel berre er planlagt ordinere klasserom til tre parallellar, det same er storleiken på amfiet.

Konkret betyr dette at ein kanskje kan fjerne nokre kvadrat frå lærararbeidsplassane, arealet for teikning/tekstil/keramikk, nokre garderobar samt eit naturfagsrom, men skulen mistar viktig fleksibilitet ved at ein får ei minimumsløysing, som heller ikkje er like teneleg til bruk for lag- og organisasjonar etter skuletid.

Ei konsekvens av at ein endrar på elev- og lærarfasilitetane er at ein skapar press på hjarterommet, med tilhøyrande amfi, scene, aula, formidlingssal og folkebibliotek.

Hjarterommet, slik det er planlagd, er for oss heilag. Kuttar ein i Hjarterommet rammar det pulsen i heile bygget og hovudargumentet for at Vis-A-Vis AS sitt vinnarprosjekt vant dett vekk.  Hjarterommet er viktig både for oss frivillige, for elevane og dei tilsette på skulen.

Sjølv om det truleg kan gjerast mindre justeringar av nokre rom (i samråd med brukarane), meiner me innsparingspotensialet er så lågt at det ikkje forsvarar ei utsetjing av prosjektet. 

Me ønskjer i staden å leggje rette for effektiv bruk av dette arealet, i samarbeid med skulen, lag- og organisasjonar i nærmiljøet. Konkret kan me til dømes nemne tilbod innan kulturskulen, e-Sport, sløydkveldar for ungdom mm.

 

Klatrehallen

Klatring er ein aktivitet der ein uansett alder, kjønn, kroppsfasong, styrke og form kan ha det kjekt saman og samtidig få eit supert treningsutbytte. 

Klatremiljøet på Stord har lenge hatt eit sterkt ønskje om betre treningsforhold og den noverande klatreveggen på Vikahaugane er lite tilfredsstillande. Klatreklubben har lenge hatt ein draum om mellom anna eit buldreanlegg. Ei plassering av eit klatreanlegg på Nysæter er eit naturleg alternativ, berre nokre steinkast unna klatrefelta i Utslettefjellet.

Basert på tilrådingar frå mellom anna klatreforbundet er ønskja spela inn til prosjektgruppa og i forprosjektet er klatreanlegget lagt inn som ei sjølvstendig eining med inngang frå idrettsfoajeen. Anlegget består mellom anna av både eit tau- og buldreanlegg, tribune og galleri for publikum, slik at anlegget mellom anna kan nyttast til oppvisning og konkurransar.  

I kostnadsoverslaget er bygginga av klatrehallen estimert til 10,6 millionar kroner, men ein sparar langt mindre om ein erstattar denne med ein klatrenisje i sørenden av hallen, som foreslått i tiltaka frå rådmannen.

Ved bygging av klatrehall, slik som foreslått i forprosjektet, vil ein i følgje sakspapira få spelemidlar på 3 700 000,-  i tillegg til momskompensasjon (2 650 000,-). I tillegg kan Stord Tinde- og Klatreklubb vera villig til å gå inn med oppsparte midlar (avhengig av årsmøtevedtak - klubben har omlag 350 000,- på bok, øyremerka bygging av ny vegg). Dei faktiske kostnadane for klatrehallen vert difor omlag 4 000 000,-. 

Ein sparar likevel mindre enn dette om ein fjernar klatrehallen frå prosjektet. Mellom anna må det likevel byggjast areal for styrkerommet (opprinneleg planlagd i delar av klatrehall-tilbygget), samt ein ny passasje og fasade frå idrettsfoajeen og bort til bassenget. Det er i tillegg foreslått å byggje ein klatrenisje inne i idrettshallen, som sjølvsagt har ein kostnad (og som vil utløyse maksimalt 700 000,- i spelemidlar).

Innsparingspotensialet ved å erstatte klatrehallen med ei klatrenisje er med andre ord minimal. Om det likevel er ein meirkostnad ved å byggje ein klatrehall trur me dette lett kan dekkast inn ved hjelp av bidrag gjennom klatregruppa.

 

Bassenget

Rådmannen si vurdering av bassengsituasjonen i kommunen avdekka at dagens løysing med tre basseng til bruk for lovpålagt symjeopplæring er eit minimum og at rehabilitering / nybygg av bassenget på Nysæter må inkluderast i byggjeplanane for nye Nysæter ungdomsskule, då kommunen ikkje har råd til å byggja eit nytt sentralanlegg.

I forprosjektet er det teikna inn eit opplæringsbasseng på 12,5m x 8,5m tilsvarande dagens basseng. Når det likevel vert vurdert å byggja nytt basseng bør lengda på dette aukast til 25m. Dette kan truleg gjerast utan at det påverkar sluttprisen i stor grad.

Som Norges Svømmeforbund sin representant skreiv i ein e-post til kommunen: “… Det er helt utdatert å bygge en 12,5m for seg, hvis det ikke er på hotell eller en helseinstitusjon”.

Anleggskonsulent Per Rune Eknes, tidlegare president i Norges Svømmeforbund, har på vegne av IL Solid utarbeidd eit forstudie for å få fram kva som er det beste alternativet på Nysæter. Eknes er ein av dei med høgast symjehallkompetanse i Noreg, med snart 30 år røynsle frå bransjen.

I dette studiet vert det og konkludert med at eit basseng på 12,5m er ugunstig, og at både investering og drift tapar på dette.

Eknes foreslår at det i staden vert bygd eit basseng på 25m x 8,5m (eventuelt 10m) på Nysæter, fortrinnsvis i stål og PVC-duk, noko som gjer det mogleg å byggja eit fleksibelt basseng, med midtdelar og hev- og senkbar botn i dei to halvdelane. Eit slik basseng estimerar Eknes til å koste 42 000 000,- (eks mva), men utløyser opp mot 14 000 000,- i spelemidlar. I tillegg skal eit slik anlegg ligge godt an til å få opp mot fem millionar i ENOVA-midlar. Per Rune Eknes meiner difor det er mogleg å byggja eit større basseng enn det som er planlagd, utan at det treng koste kommunen noko meir. Ein annan fordel med eit større basseng er at ein kan skape eit tilbod som genererer driftsinntekter.

Ein stor bakdel med 12,5m basseng er at ein i stor grad utelukkar aktive svømmarar og mosjonistar - dei to største brukargruppene på kveldstid. I dag trenar IL Solid sine symjarar i  Kulturhuset, allereie frå dei er 8-10 år gamle. Byggjer ein derimot 25m med heve- og senkebotn, kan ein til dømes ha to djupner i bassenget, eller to ulike temperatursoner, noko som gjer at det kan nyttast til både opplæring, trening og eventuelt trim/velvære/rehabilitering.

Eit 25m basseng vil i tillegg bidra til å auke bassengkapasiteten i kommunen, som eit supplement og ikkje ei erstatning til dei to  bassenga på Leirvik (noverande og eventuelt framtidige).

 

Basishallen

Diverre er det lite kjennskap til innhaldet og verdien av ein basishall.

Basishallar er treningshallar med permanent oppmontert utstyr (matter, skumapparat, trampolinar mm) og blir difor ofte tenkt på som turnhallar. Dei vert likevel mykje nytta til breiddeidrett for born, ungdom og vaksne, sidan installasjonane og apparata i ein basishall gjer utfordringar som fremmar motorikk og koordinasjon, kroppsbeherskelse, styrke og balanse. Betre trening- og leikearena finn ein knapt, der ein trenar styrke og motorikk utan at det vert oppfatta som styrketrening.

Etter at Løten kommune bygde basishall i 2010 vert det meldt at:

«… basishallen brukes nå på dagtid av barnehage og ungdomsskole, mens turnforeningen har turn, cheerleading, tricking og basistrening på kveldene. Håndball, friidrett og skihoppere har også periodisk trening i basishallen. Hvis noen var i tvil om bruksfrekvensen i basishallen før den ble bygget, så er den tvilen nå borte. Det er kamp om treningstimene i basishallen.»

IL Solid har i dag ei aktiv turngruppe, men fråfallet er stort etterkvart som medlema vert eldre. Den viktigaste grunnen er særs dårlege treningsvilkår, der mykje av tida går vekk i rigging og fjerning av utstyr. Med ein basishall vil ein ikkje berre gje turnerane ein flott arena, men og alle som driv med uorganisert trening. Diverre har me inntrykk av enkelte ikkje ønskjer at ein slik hall skal inkluderast i prosjektet og at det er misforståingar på kva ein basishall er (eller inneheld).

Ei mogleg plassering av ein basishall er likevel stipla inn i teikningane, som ein eigen bygningskropp, noko som bidrar til at dei presenterte kostnadsestimata er mykje høgare enn det som er økonomisk realistisk. Basishallen må byggjast i tilknytning til fleirbrukshallen for at eit slikt prosjekt skal bli kostnadseffektivt og attraktivt.

IL Solid har fått skissert korleis ein basishall (25*20 m og 7m takhøgd) kan byggjast, vegg-i-vegg med bassenget og fleirbrukshallen. Ein sparar med dette store summar samanlikna med det som er stipla inn i forprosjektet. 

Basishallen er så viktig for prosjektet at IL Solid ønskjer å bidra til at den vert realisert samstundes med resten av bygget. Klubben ønskjer difor å gå inn med eit millionbeløp i oppsparte midlar og er førebudd på å klare å samle inn tilsvarande summar frå andre kjelder. Ein kan og få 4 000 000 i ordinære spelemidlar, slik at me meiner dette kan gjennomførast utan ekstra investeringskostnader for kommunen.

 

Uteområdet

I staden for å redusere kostnadar ved å fjerne funksjonar i bygget, noko ein vanskeleg kan gjere om på seinare, bør ein sjå på om det er mogleg å gjere tiltak ute.

Eit attraktivt uteområde er viktig for både skulen og som møteplass på fritida. Likevel bør det vera mogleg å gjere endringar og ei eventuelt stegvis utbygging av delar av utearealet.

I følgje forstudierapporten er det i vedteken skulebruksplan sett eit generelt minimumskrav når det gjeld ute/leikeareal på 50m2 per elev. I dette prosjektet samsvarar dette med 4 parallellar og fulle klassar. Det bør difor vera rom for å gjere endringar utandørs, som bidrar til at heile bygningsmassen vert realisert i ein eingong.

Det er likevel viktig at ein klarar å knytte fotball opp mot møteplassen i hallen. Fotball er den største enkeltaktiviteten i bygda og engasjerer mange frivillige som og kan bidra til drift.

Fotballflata vil vera ein viktig arena for uorganisert aktivitet og bidra til at synergieffektane mellom dei ulike aktivitetane, både utandørs og innandørs, vert styrka. 

Fråfallet i fotballen er størst i alderen 11-16 år. Me ønskjer at dei som sluttar i fotball i denne aldersgruppa skal ha ein låg terskel for å byrje med andre aktivitetar i hallen, eller ha mulegheit til å driva med fleire aktivitetar samstundes.  Det er difor viktig at speleflata på den planlagde fotballbana møter dei måla som NFF set som krav til spel i denne aldersgruppa. Me ønskjer difor at fotballflata blir utvida til 50x65m, noko som IL Solid vil vera førebudd på å bidra til økonomisk, og på andre måtar, om det vert mogleg å spele 9ar-fotball på uteområdet.