Symjegruppa stilte mannsterke til stemne i Haraldshallen, første helga i februar. Haugesund Avis Open viste seg å vera eit godt stemme for våre utøvarar. Dei leverte veldig gode personlege rekordar! Særs imponerande var dette sidan det kun er 3 veker sidan forrige stemne der dei óg persa knallhardt. Me har utøvarar som kjempar i toppen i sin årsklasse, og nokre fekk med seg medaljar heim.
Etter det approberte stemnet fekk rekruttane prøva seg i konkurranse óg. Også her var det gode tider å henta, og sjølvsagt deltakarmedaljar til alle. God stemning jamnt over!
Stødige utøvarar, og flotte ambassadørar for IL Solid i nye draktar etter sponsorstøtte frå Sparebanken Vest, Engelsen Entreprenør, Ølen Betong, Engesund Fiskeoppdrett og Erko Settefisk. Takk til dykk, endeleg var lagkjensla komplett i like draktar!