Styret kallar med dette inn til årsmøte i IL Solid.

Årsmøtet vert 31. mars 2019 klokka 1900 i Solidståvo.

Saker som eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast seinast 15. mars til IL Solid, Postboks 74, 5408 Sagvåg eller til styret@ilsolid.no.

Fullstendig sakliste, med saksdokument vil bli lagt ut på nettsida til IL Solid, seinast ei veka før årsmøtet: http://www.ilsolid.no

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein måned, og ha betalt kontingenten. Medlemm under 15 år har møte- og forslagsrett.

Velkommen til årsmøte!


Med venleg helsing
Styret i IL Solid