Korleis me oppfører oss mot kvarandre er viktig i Idrettslaget Solid.

Verdiane våre: EngasjementRespektRettferdighetInkludering, ligg i botn for alt arbeid i laget vårt. Basert på verdiane våre har me laga retningslinjer og gode rammer for aktiviteten, for me meier me blir betre idrettsutøvarar ved å vise gode haldningar – ta vare på kvarandre og skape gode relasjonar og varige vennskap.

Det er eit mål at alle skal finna glede i å vera i aktivitet i Solid. Ved hjelp av gode rammeverk ønskjer me å  legga til rette for at trenarar og instruktører skal få dei beste muligheter til å skapa aktivitet som gir utøvarane trygghet, trivsel og sportsleg utvikling.

I 2018 har me i Solid hatt fokus på verdien INKLUDERING. Me har satt i gang to gode tiltak som har som mål og gi fleire born og unge mulighet til å delta i aktivitet i idrettslaget vårt.

 

Oppretting av stjernelaget


Fotballgruppa har starta med eit tilrettelagt tilbod til alle som ikkje finn seg til rette i vår ordinære treningskvardag. Stjernelaget tel no 13 spelarar frå 6 – 26 år, dei trenar kvar måndag kl 17.00 – og har god plass til fleire.

 


 


Oppretting av "Solid-aritetsfondet"


Idrettslaget Solid har fokus på at ALLE skal ha same mogelegheit til å delta i vår aktivitet. Me ynskjer å halda kontingent, treningsavgift og cup/stevne-deltaking på eit lågast mogeleg nivå. Likevel kan det for enkelte bli ei økonomisk belastning å delta.


IL Solid er i ferd med å opprette eit solidaritetsfond ("Solidfondet"), der medlema i IL Solid kan søke om stønad til kontingent, treningsavgift, og liknande. Meir informasjon om dette kjem på nyåret.
 

IL Solid ynskjer alle medlemmer – kvar og ein – 

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!