Handballgruppa har i dag 23 spelarar – fordelt på to lag. Jentene er 15 stk og gutane 8.
Gutane har Lise og Anette som trenarar, medan jentene har Alfred, Maj og Merete.
Nytt denne sesongen er at me har starta med minihandball. Det er satt opp tre samlingar før jul og tre etter.
Jentene har vore på tur til Tysnes og Fitjar, og reiser til Husnes 8. desember. Her spelar dei to kampar mot andre lag frå Sunnhordland.
Gutane har vore tre turar til Os/Fana. Årsaka til at dei må reise såpass mykje er at det ikkje vart nok påmeldte lag i frå Sunnhordland.
Me har vore i kontakt med handballkontoret, og bedd om å få kampar også på Stord. Me håper det vert ei løysing på dette over nyttår, då reisetid og kostnadar vert noko høge.
Utanom reisetid så har kamphelgene vore ein stor suksess. Spelarane er kjempeflinke, og gler seg til kamp. Vinn litt gjer dei òg.
Me har solgt loddbøker i år for å få litt pengar inn i kassa. Kvar spelar fekk ei bok, i tillegg til at foreldra vart utfordra til å ta ei sjølv. Restulatet vart om lag 45 solgte bøker, og kring 11000 kroner inn på konto.