Symjegruppa består per i dag av 166 utøvarar. Me har treningstider i bassenget i Kulturhuset og på Nysæter.
Me opplevde ein enorm førespurnad etter tilbodet vårt utover våren og hausten. Og når påmeldinga opna vart det fort fulle parti. Grunna alle dei dedikerte og flinke trenarane våre var det veldig kjekt at me me utvide tilbodet vårt med endo fleire parti før oppstart. Også dei vart fulle. Nytt av hausten er at me starta med gruppa Småbarn, der dei yngste frå 4 år kunne få lære seg å bli trygg i vatn.
Ellers har me 3 parti Nybyrjar, 1 mellomparti og 1 Symjetreningsparti. Veldig mange av medlemene våre på Nysæter har gått der fleire semester, og me gleder oss over utviklinga deira. Det er så mange flinke born i bassenget der ute i løpet av ei veke.
For nokre kjem det lett, dette med vatn. Andre må jobba veldig for å kjenna på tryggleiken. Me har gjerne utøvarar som i september knapt vågar seg uti vatnet, men som i desember dukkar under og hentar ting på botn. Det er beint fram rørande korleis borna går på gjennom frykt og endar opp i rein glede. All ære til dei føresette som lar oss få låna borna deira på denne viktige vegen. Og det viktigaste, tusen takk til alle de som står på som trenar, assistent eller føresett for at borna skal gå frå å vera trygg i vatn til å lære seg å symje. De er unike!!
Me har utøvarar som starta rett i bassenget i Kulturhuset i haust, utan noko erfaring frå før. Det er tøft å henga med i starten men me ser ei rivande utvikling både hos dei og hos dei litt yngre igjen som har flytta frå Nysæter og ned til Kulturhuset. Det er eit stort steg å ta for mange, men me ser at dei veks så mykje på det og meistrar det veldig godt alle saman. Det fekk alle som trenar i Kulturhuset kjenne på, når me arrangerte Internstemne to gonger på vårparten. Det er stas å konkurrere, sjølv om det er skummelt i starten. Når det då vanka medaljar og god bakst etterpå til alle var gleda komplett! I haust vart me inviterte til internstemne saman med Stord Symjing, det var kjekt sosialt og samlande for klubbane. Stord arrangerte, Solid stod for enkel servering.
Dei eldste medlemene våre er ein flott og samansveisa gjeng, som reiser på stemner lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei heiar kvarandre fram, støttar i medgong og motgong, og gler seg over andre sine gode resultat. Dei er blitt tette, samla og trygge på kvarandre og seg sjølv som utøvarar. Mykje av grunnen til dette er dei flotte turane dei har fått vore på, frå stemner i Kristiansand, Stavanger og Bergen, til treningsleir i Strandebarm og sosiale samlingar anten ved bassenget eller i Fitjarøyane. Det er eit flott støtteapparat i foreldra rundt dei, som drar lasset samla og gler seg over framgongen deira. Me har utøvarar som vinn flotte medaljar på stemner i deira årsklasse, og det kjem ikkje gratis. Dei legg ned mange treningstimer for å nå måla sine. Sjølvsagt under kyndig veiledning av trenarar og støtteapparatet rundt dei. Utøvarane blir sett og følgt tett opp av dei alle. Det desse personane levere frå kanten kvar veke står det respekt av. Dei legg med mange timar til førebuing, planlegging og gjennomføring av treningane, og dei leverer med ein tryggleik og innsikt ein sjeldan ser. Dette til tross for at dei fleste aldri dreiv med aktiv symjing sjølv. Det er beint fram imponerande kva resultat dei får fram!
Styret i Symjegruppa har jobba målretta for framgongen me opplever. Me har nokre ildsjeler som jobbar jamnt og trutt gjennom året med dette.
Me ser fram mot ein ny sesong, der me fortset arbeidet med å jobba for godt samhald og tryggleik hos utøvarane våre. Me håpar å få til fleire gode sosiale samlingar som bingoen me hadde i haust, samt ein felles juleavslutning for alle medlemene våre. Me håpar óg på treningsleir for fleire av gruppene.
Me vil takka alle utøvarane våre, deira føresette og andre som heiar oss fram. Og me er evig takknemmeleg for alle trenarane våre, utan dykk hadde me aldri klart dette.
Me vil ynskja dykk alle ei fin tid framover.
Lag dykk ei God Jul!
John Helland
Hilde Haugland Strand