Innhaldet i denne artikkelen er henta frå sunnhordland.no

Kommande søndag 21. oktober er det tid for årets TV-aksjon. Pengane går i år til Kirkens Bymisjon og deira arbeid for eit varmare og meir inkluderande samfunn. På Stord har årets komité for TV-aksjonen vore ordførar Gaute S. Epland (leiar), Bjørn Lindgård (Stord IL), Liv Mortensen (Norsk Folkehjelp) , Jostein Sydnes (CISV), Anne Kvalheim (Stord Røde Kors), Anne-Grete Sandtorv (Stord næringsråd), Britt Heidi Verøy (Solid IL), Nina Lovise Langeland og Astrid Larsen (Stord kommune).

Mange har meldt seg som bøsseberarar. For fleire er dette ein dugnad ein er med på kvart år. Men det er framleis behov for fleire i alle delar av kommunen. Me oppmodar difor om at fleire set av nokre timar på søndag til å vera med på årets viktigaste dugnad og finaste søndagstur, seier ordføraren i ei pressemelding.

Dei som vil melda seg, kan gjera det på blimed.no eller ringa 975 52 231.