Me ønskjer bilete både frå «gamle dagar» og frå dei siste 20 åra. Det må finnast mange bilete frå all aktiviteten som har skjedd i Solid-regi og me ønskjer så mange bilete som mogeleg å velja i til boka vår.

Gjerne lag- og kampbilete, frå treningar, turneringar, stemner og konkurransar, frå jubileum og festar i lagshuset, dugnadar og styremøter, eller frå andre spesielle hendingar som grasbaneopninga i Hustredalen i 1970, opninga av den utvida grasbanen i 1980 og kunstgrasbanen i 2003.
 
Fotografer gjerne bileta av med mobilen din og send dei som facebook-melding eller e-post til solidboka@ilsolid.no.

Skriv ein kort tekst og legg ved, så mykje de veit om årstal, namn på personar og eventuell hending.