Eg har hatt lyst til å byrja på fotball lenge. Det er mykje kjekkare enn å syngja, for eksempel, stråler Pernille Johansen.

Tilfeldig idé!

7-åringen sit saman med Martina Storesund inne i klubbhuset til Solid. Pernille har fått hendene i ein pokal som eitt av Solid-laga har vunne.

– Det var ein veldig fin pokal, seier ho.

Også like før jul vitja Pernille i Solid-huset. Under juleavslutninga til storebror Morten, fortalde ho Grethe Fadnes i Solid fotball at ho også ville spela fotball.

– Då hugsar eg mor hennar poengterte at me ikkje hadde eit tilbod for folk med fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting. Og det hadde ho jo heilt rett i, seier Grethe Fadnes.

Får støtte

Ho byrja med eit å undersøkja kva Solid fotball kunne gjera med saka. Det viste seg raskt at det ikkje var eit fotballtilbod for folk med funksjonsnedsetting.

– Så då måtte me jo laga eit. Sjølvsagt skal alle få eit tilbod om å spela fotball, smiler Fadnes.

Fadnes har allereie vore i kontakt med både idrettslag, næringsliv og kommunane rundt om.

– Alle er utruleg positive til dette. Det er veldig kjekt, held Fadnes fram.

Tysdag 6. februar arrangerer Solid fotball eit ope møte, der alle som vil kan få komma å høyra meir om prosjektet.

– No treng me berre spelarar. Første trening blir i veke ni. Tanken er at me dannar lag i barneklassen (7-16 år) og i ungdom/vaksenklassen (14+). Laga kjem til å delta i NFF Hordaland sin Stjerneserie. I Stjerneserien er det fokus på det sosiale, meistringsfølelse og kjekke opplevingar, fortel Fadnes.

– Flott prosjekt

Både Martina og Pernille gler seg til å få nye lagkameratar.

– Eg synest dette er eit veldig flott prosjekt. Pernille har ikkje hatt eit slikt, spissa tilbod. Då me fekk høyra om ideen måtte me berre hiva oss rundt, smiler pappaen til Pernille, Thomas Johansen.

– No får dei noko kjekt å gå til også utanfor skuletida. Det blir både trening og sosialt samvær, legg Ben Storesund, pappaen til Martina, til.

Vil vinna

I sofakroken sit sjuåringen framleis og beundrar den blanke pokalen.

– Skal du vinna ein slik ein når du får deg eit lag?

– Ja!, seier Pernille.

http://www.sunnhordland.no/sport/pernille-7-vil-du-spela-med-oss-1.2239404