– IL Solid er ein motivet og engasjert klubb som er opptekne av sunne verdiar. Me er imponerte over innsatsen som dei gjorde for å formidla Eat Move Sleep-bodskapen til spelarar, foreldre og nærmiljø i 2017, seier NFF sin generalsekretær Pål Bjerketvedt.

Ifølgje helsestyresmaktene rører ikkje folk nok på seg, og me et for lite frukt og grønt, fisk og grove kornprodukt. I tillegg søv ungdom langt mindre enn tilrådd.

– Med Eat Move Sleep skal ambassadørklubbane våre formidla kunnskap, inspirasjon og haldningar som me veit at både barn, unge og vaksne vil ha glede av. Ikkje berre på idrettsbanen, men også på alle andre arenaer som skule, jobb og fritid, der du er avhengig av overskot, konsentrasjon og godt humør, seier Bjerketvedt.

 
http://www.sunnhordland.no/sport/sunne-solid-blir-frukt-ambassador-1.2245481