Den nye ungdomskulen i Sagvåg vil vere 7000 rutemeter stort, og vil ha eit stort amfi som vil skape god oversikt og tilgjenge. Skulen og fleirbrukshallen vil bli knytt saman via eit felles inngangstorg, og det ligg til rette for at hallen kan opnast mot kulturdelen av skulen.

Prosjektleiar Kjell Nesbø i Stord kommune har vore med i juryen, og skal halde fram som innleigd prosjektleiar fram mot forprosjektet er ferdig til sommaren, trass i at 70-åringen no er pensjonert.

– Korleis vil du samanlikne denne skulen med nye Stord ungdomsskule som no står ferdig?

– Det som er spesielt med denne skulen er jo at idrettshallen er knytt saman med skulen. Me har jo eit ønskje om at dette skulle bli senter for folk i Sagvåg og Litlabø. Her vil dei kunne gå tørrskodd mellom idrettsdelen, kulturdelen eller skulen. Elles er tilkomsten ganske lik som i Stord ungdomsskule, med elevinngang i 2. etasje, seier Nesbø.

Den nye skulen vil bli bygd for ein kapasitet for 270 elevar, med moglegheit til utviding til 360 elevar. Skulen vil bli bygd på den same tomten som eksisterande skulen som skal rivast.

http://www.stord24.no/slik-blir-nye-nysaeter-ungdomsskule/