Idrettslaget Solid runda 75 år i 2020. Solidboka tek føre seg mykje av laget sin historie frå det vart skipa i 1945 og ho gjer eit bilete av aktivitetane i laget, drifta, samhaldet og dugnadsinnsatsen opp gjennom desse 75 åra.

Aktivitetane og arbeidet i laget har vore viktige møteplassar for tilhøyrande i bygdene Litlabø og Sagvåg, men òg for folk utanbygdes. Solidboka er skriven av Asbjørn Aasheim og vender seg til alle som har vore ein del av idrettslaget, er tilhøyrande i bygdene eller dei som ønskjer å ta del i historia til eit levande idrettslag, frå det vaks fram i fredsrus etter 2. verdskrigen og fram til det nye praktanlegget på Nysæter Ungdomsskule vart vedtatt.

Boka er på 432 sider, kostar 450,- og kan kjøpast frå Rema1000 og KIWI i Sagvåg, Sparkjøp, Bademiljø, Malerboden, Princess og Sport1 på Heiane og 3Piker og Princess på Amfi Stord.

Dei som har førehandsbestilt boka kan ta kontakt med klubbkoordinator Hans Petter Almås (92641113 / post@ilsolid.no ) for å avtale henting/levering.