Me er og glade og stolte over at Grethe har blitt vald ut som Vestland Idrettskrets sin kretsvinnar og kandidat til Årets eldsjel.

Grethe er kjend for dei fleste i IL Solid og har vore aktiv som frivillig sidan slutten av 1990-talet, og er ein av pådrivarane for å skape aktivitet i idrettslaget. I tillegg til ei rekkje verv i IL Solid har ho òg hatt ulike verv og oppgåver både i det lokale idrettsrådet, ulike samarbeidsprosjekt med dei andre klubbane på Stord og i fotballkretsen.

Heile grunngjevinga til Vestland Idrettskrets kan lesast på nettsidene til kretsen.

Grethe ante fred og inga fare då ho vart overraska av representantar frå idrettsforbundet, idrettskretsen og Norsk Tipping. Sunnhordland var på slep og har skrive om overraskinga. Ein video av overraskinga blir og lagt ut av idrettsforbundet.

Juryen vil no plukke ut tre finalistar av dei 11 kretsvinnarane, som blir invitert til idrettsgallaen på Hamar 7. januar 2023, der vinnaren blir annonsert, direkte på NRK1. Les meir på idrettsgallaen sine nettsider