Idrettslaget Solid runda 75 år i 2020. Solidboka tek føre seg mykje av laget sin historie frå det vart skipa i 1945. Det er forsøkt å gje eit bilete av aktivitetane i laget, drifta, samhaldet og dugnadsinnsatsen opp gjennom desse 75 åra.
Aktivitetane og arbeidet i laget har vore viktige møteplassar for tilhøyrande i bygdene Litlabø og Sagvåg, men òg for folk utanbygdes.
Boka vender seg til alle som har vore ein del av idrettslaget, er tilhøyrande i bygdene eller dei som ønskjer å ta del i historia til eit levande idrettslag.
Førehandssalg
Fram til boka vert klar i desember tar me i mot førehandsbestillingar til rabattert pris på 399,- (Normal pris 450,-)
Fyll ut skjema nedanfor så tar me kontakt når boka er klar: