Me vil retta ei stor takk til Sparebanken Vest etter at me mottok nye prosjektmidlar frå dei denne veka. Denne gong mottok me ei forseinka gåve på 75.000,- til jubileet (der me mellom anna investerte i ny fane), samt 30.000 til symjegruppa.
Slike prosjektmidlar er viktige tilskot til idrettslaget, som gjer at me tenkje nytt og planleggje nye aktivitetar, utan at det går ut over den daglege drifta. Me set stor pris på det aktive samfunnsanvaret og engasjementet banken viser i lokalsamfunnet, når dei delar såpass mykje av overskotet på lag og organisasjonar.