I juni var det to år sidan kommunestyret vedtok bygginga av Nysæter Ungdomsskule. Då hadde me jobba iherdig med å få lagt inn tre opsjonar i prosjektet - utviding av bassenget til 25 meter, basishall (tidlegare kjent som turnhall) og klatrehall.

Sjølv om klatrehallen ikkje vart inkludert i prosjektet på dåverande tidspunkt, så gjorde iherdig innsats frå klatreklubben at denne og vart vedtatt før jul i fjor.

Idrettslaget Solid går inn med ei relativt stort beløp i prosjektet, mykje takka vera særs gode gåver frå Sparebanken Vest.

Nokre av oss har allereie fått besøkt skulebygget, inkludert ei gruppe frå symjegruppa, som fylte åtte tomm sand/glas i dei store filtera som er tilknytta bassenget.

No jobbar me med å planleggje aktiviteten i det nye praktbygget. Me håpar og trur at Nysæter Ungdomsskule vert ein treffplass om ettermiddagane, ikkje berre blandt våre eigne medlem, men for andre lag og organisasjonar, innbyggjarar og besøkande i heile kommunen (og gjerne den omliggjande regionen).

For å oppsummere litt av det som kjem:

  • Idrettshall/fleirbrukshall, med banemarkeringar for mellom anna handball, minihandball, volleyball, innebandy og badminton.
  • Basishall, med mykje turnutstyr, inkludert (forhåpentlegvis) hev-/senkgrop.
  • 25 meter opplærings- og treningsbasseng, med hev-senk botn, slik at djupna kan regulerast frå 0 cm til omlag 160 cm.
  • Styrketreningsrom
  • Klatrehall, med omlag 6 gongar meir klatreflate enn på veggen Vikahaugane, inkludert 15 meter høge veggar for klatring på led og topptau, 10 meter høge opplæringsveggar og 4,5 meter høge buldreveggar. I tillegg kjem det klatreflater med noko av det nyaste av teknologi, som få andre klatrehallar tilbyr (klatrehallen vil driftast av Stord Tinde- og Klatreklubb)
  • Folkebibliotek
  • Stort musikkrom, med sceneteppe, og som kan innkapslast med tepper for den rette akkustikken
  • Amfi med plass til omlag 200 personar, rett utanfor musikkrommet, med eigen lys/lydrigg, slik at arealet kan nyttast til ulike forestillingar.
  • To mindre øvingsrom/band-rom, samt eige "studio" for musikkteknologi
  • Formidlingsrom med plass til 90 personar
  • Gode lokale for tre- og metall, formgjeving og heimkunnskap
  • Skulelokale bygd for tre parallellar, med store klasserom samanlikna med eldre skular.

Med tanke på drivt så er det ikkje alle avtalane og ansvarsfordelingane som er på plass enda, men at Idrettslaget Solid skal truleg disponere det meste av idrettsarealet.

No gler me oss veldig!