Idrettslaget Solid stiller i borgartoget på Leirvik - ein ny tradisjon me innførte i 2019, året før feiringane vart avlyste grunna pandemien.
Endeleg får me høve til å gå samla bak den nye fana me kjøpte til 75-årsjubileet vårt i 2020!
Me oppmodar alle tilknytta IL Solid til å stille, anten ein er deltakar, i støtteapparatet eller Solidvenn som støttar oss frå sidelinja. Vel møtt både i finstas eller Solid-drakt, men ta med god stemning, så får resten av kommunen sjå kor stort og flott idrettslag me er. IL Solid - Rein Glede!
Oppstillinga på torget startar 15:00 med avgong 15:30.
Me stiller og, tradisjonen tru, i Sagvågstoget. Oppstilling her er utanfor Kiwi klokka 09:45, med avgang klokka 10:00.
Les gjerne om feiringa i 2019 her, eller ta ein kikk på korleis me markerte feiringa i jubileumsåret 2020.