Til hausten opnar ny idrettshall, basishall, symjebasseng og klatrehall på Nysæter Ungdomsskule og idrettslaget Solid vil samle mykje av aktiviteten vår i den nye hallen. For å få best mogleg utbytte av hallen ønskjer me å tilsetja ein klubbsekretær i 100% stilling, for å avlaste hovedstyret med administrative oppgåver og for å leggja tilrette for meir aktivitet og frivillighet i idrettslaget. Stillinga vil rapportere til hovudstyret ved styreleiar.

  • Viktige oppgåver vil vera:
  • Kontaktperson for idrettslaget
  • Arbeid ut mot sponsorar og samarbeidspartnarar
  • Innkjøp og enkelt økonomiarbeid
  • Medlemsoppfølging
  • Kommunikasjon og sosiale medier
  • Administrasjon av idrettslaget sine IT system
  • Administrasjon av hallen, inkludert eksternt utleige, hallvertar og tildeling av treningstider
  • Å vera veileder og ein støttefunksjon til den sportslege aktiviteten i hallen

Me søkjer ein kandidat som helst har bakgrunn frå ein eller fleire idrettar, samt har høgare utdanning innan pedagogikk, idrett, barne- og ungdomsarbeid eller liknande. Det er og ein fordel med røynsle frå økonomisk- eller administrativt arbeid. Relevant røynsle kan kompensera for manglande utdanning, og det er ein fordel om du har røynsle som frivillig i idretten og kjenner til idretten sine verdiar, regelverk og organisering.

Viktige eigenskapar for å lukkast i stillinga er evna til å vera sjølvstyrt, strukturert, målretta, omgjengeleg og lyttande.

Idrettslaget kan tilby spanande oppgåver, der ein får høve til å påverka og utvikla sin eigen arbeidsplass.

Sjølv om arbeidstida i hovudsak vil vera på dagtid, må ein rekne med noko kveldsarbeid og arbeid i helgane.

Løn og tiltreding etter avtale.

Fleire opplysningar om stillinga blir gitt av styreleiar, Karl Olav Gravdal: 95 232 696.

Kortfatta søknad med CV kan sendast til: styret@ilsolid.no

Søknadsfrist: 26. april 2022.