Følgjande var kvalifisert:
Serina Drange Haugland (2006)
Ingvild Bjørgen Gregersen (2007)
Regine Sørheim Øgård (2007)
Thomas Fadnes Hatlevik (2008)
Jan Gunnar Helland (2009)
Julie Drange Haugland (2009)
Nela Nina Pawlowska (2009)
Maya Strand (2010)
Simon Farstad Skåla (2010)
Jan Gunnar måtte diverre stå over grunna etterslep av gjennomgått covidinfeksjon.
Våre symjarar presterte meget godt gjennom heile helga. Det er tunge øvingar på Låmø, samt lange dagar og mykje spenning på slike store stemne.
Samla oppteljing etter stemnet viser fantastiske
29 personlege rekordar
5 medaljar
1 samanlagd vinnar
3 klubbrekordar
Fleire gode samanlagde plasseringar
3 utøvarar klare for ÅM (Årsklassemønstring, kun for dei 30 beste i sin årsklasse)
Julie Drange Haugland sin beste prestasjon viser att i ei personleg forbetring på over 10 sekund på 100 butterfly. Julie enda på ein 10.plass og er dermed kvalifisert til årets ÅM på Lambertseter første helga i juni.
Ingvild Bjørgen Gregersen slo inn på 100 butterfly til ein sterk 4.plass, berre 24 hundredelar bak bronsemedaljen og eitt skarve sekund bak UM kravet (NM for ungdom) i øvinga. Ho sette i tillegg ny klubbrekord på 200 rygg.
Maya Strand hadde Solid sin største pers denne helga, der ho henta inn over 16 sekund på sin 200 individuelle medley. Ho slo óg inn med over 10 sekund pers på sin 100 butterfly.
Nela Nina Pawlowska sette ein meget sterk klubbrekord på 200 bryst med tida 3.05.28. Nela enda til slutt på ein 9.plass og har dermed kvailfisert seg til årets ÅM.
Regine Sørheim Øgård viser form og gode prestasjonar gjennom heile stemnet. Mest imponerande var ho på 200 rygg, der ho persa nesten 4 sekund. Det berre 3 veker etter forrige pers på 2 sekund.
Serina Drange Haugland har slite med ei vond skulder ei stund, men kjempa på og persa likevel med god margin i 3 av øvelsane før ho måtte bryte stemnet. På 200 bryst og 400 fri persa ho nøyaktig 3.54 sekund i begge øvingane.
Thomas Fadnes Hatlevik tok ein imponerande bronsemedalje og ny klubbrekord på 200 rygg. Han sette óg klubbrekord på 400 fri. Thomas enda på ein 9.plass i sin årsklasse, og er kvalifisert til ÅM i juni.
Så er det Simon då! Simon Farstad Skåla, 12 år på laurdag, medalje i 5 av 5 øvingar i helga. Heile 4 gull og 1 bronse, og så sterk i samanlikning med dei andre at han gjekk seirande ut som samanlagd VINNAR av 2010 klassen på årets LÅMØ!!! Simon er for ung til å delta på årets ÅM, han får første sjanse til neste år.
Emilie Strand, Solid sin coach og oppvarmingsansvarleg på stemnet køyrde eit meget vellukka opplegg på sine medsymjarar. Ein kjemperessurs i gruppa.
Me er imponerte og audmjuke for å få lov til å følgja denne flotte gjengen i deira utvikling mot sine mål. Klumpen i halsen set seg når idrettgleda lyser gjennom frå liten til stor, og den omtanken alle har for kvarandre i gruppa på trass av alder er unik.
Tusen takk for laget til dei kjekke utøvarane, føresette og de heime som følgde oss på skjermen under stemnet!
- Trenarane