Diskoteket i Solidhuset sist veke som samla mange born frå heile Stord, vart arrangert av ungdomsutvalet i Solid.
Etter diskoteket, som var ei kjekk oppleving for mange, mange born som deltok og ungommane som arrangerte, kjende ungdomsutvalet på ein omtanke og eit engasjement for born og unge i Ukraina som ikkje har det godt no.
Det satte igong tankar om korleis ein kan hjelpe - og IL Solid har starta aksjonen
"Born og unge på Stord hjelper born og unge i Ukraina".
Etter diskotektet blir det no satt inn kr 15.000,- til Redd Barna.
Solid åpner no Solid-aid Vippsen 559200, som vanlegvis er knytta opp mot fotballcupen i april, og oppfordrar born, unge og vaksne på Stord om å bidra. Alt som kjem inn her, vil bli sendt til Redd Barna sitt arbeid for barn i Ukraina. .