Velg fritidskort
Når ein har fleire ungar må ein først velgje ungen det skal betalast for.
Velg 'Bruk fritidskortet' i neste skjermbilete.
Velg arrangør og aktivitet
1. Velg IL Solid i Arrangør-boksen
2. Velg aktivitet du ønskjer å betale for
Velg kva ein betalar for
Fritidskortet kan brukast til å få refusjon for treningsavgifter ein allereie har betalt for. Velg då dette i punkt 1.
Om beløpet som skal betalast er større enn beløpet som gjenstår på fritidskortet set me og stor pris på om du betalar gjennom Spond og søkjer refusjon etterpå, sidan det skapar ein del ekstraarbeid for frivillige i klubben å registrere beløpet som betalt.
Om du ønskjer å betale for treningsavgifta ved hjelp av fritidskortet vel ein 'Jeg har fått faktura og ikkje betalt.'
I den andre boksen vel ein at betalinga gjeld 'Treningsavgift'.
Legg inn fakturadetaljar
1. Velg kontonummer (sjå informasjon nedanfor)
2. Skriv inn beløp
3. Skriv inn namnet på personen det gjeld i 'Melding'-feltet
Valg av kontonummer:
Velg kontonummet treningsavgifta skal betalast til.
· Kontonummer: 3520.54.06423
Registrering av betaling
Innbetalinga vil ikkje bli registrert i Spond før IL Solid har mottatt betalinga frå Fritidskortet og manuelt registrert dette i betalingsløysinga i Spond. Dette kan ta nokre dagar.