Sagvåg 8. september 2021
Eldsjel-prisen

Eldsjel-prisen vart tildelt til fem personar som alle har gjort ein innsats som strekker seg mellom 20 og 30 år tilbake. Dei mottok prisen for sitt lange og mangfaldige arbeid for gruppene dei representerer, og for å ha fremma idrettslaget på ein framifrå.

  • Eldsjelprisen vart tildelt:
  • Evy Dybvik Fosse (fotball)
  • Linda Almås Alsaker (turn)
  • John Helland (symjing)
  • Marianne Ankervold (turn)
  • Heidi Gundersen (fotball)
Nytt æresmedlem

Eit æresmedlemskap er den høgaste utmerkinga eit medlem kan få i IL Solid og vert berre tildelt medlem som har utmerka seg særleg. For å bli æresmedlem skal eit ha sett eit særleg preg på heile idrettslaget, som aktiv, trenar, styremedlem eller med anna arbeid.

Det er ei stor ære og med stolthet at styret har utnevnt Leif Ottar Heimro som nytt æresmedlem i Solid.

Leif Ottar kom i kontakt med Solid for snart 20 år sidan. Det første vervet hans var tiltaksleiar i fotballgruppa, men han var og engasjert som trenar, oppmann og lagleiar i mange år.

Leif Ottar har jobba intenst med å profesjonalisere sponsorarbeidet i Solid og vore veldig opptatt av identitetsskaping. Han har alltid stått for og hatt som mål at det skal væra EIT Solid som visar att og at det skal væra "STAS" å gå i Solidklær.

Leif Ottar har og vore blant pådrivarane og ressurspersonane bak både Solid-aviso og noverande Solid Eat Move Sleep cup. Spesielt cupen set verkeleg Solid og bygda på kartet.

Dei siste åra har Leif Ottar engasjert seg veldig i arbeidet med idrettshall i samband med bygginga av nye Nysæter Ungdomsskule. Han kom tidleg med i prosjektgruppa og har lagt ned eit formidabelt arbeid som politikar, solidsympatisør og sambygding. Har har brukt mykje tid på å setja seg inn i korleis slike hallar skal sjå ut, prosjekterast og finansierast, og har reist land og strand rundt for å tileigna seg kunnskap og kompetanse, som bidrog sterkt til at det vart gjort eit positivt kommunestyrevedtak som kjem både Solid og bygda til nytte og glede.