ALLE ME!

Nytt og spennande samarbeid tar form

Solid, Trott og Stord går i lag om eit unikt samarbeidsprosjekt. I dag blei prosjektet presentert.


Sidan i fjor haust har dei tre klubbane jobba med å sjå på korleis ein kan samarbeide best mogleg for å bremsa fråfall og gje barn, unge, trenarar og frivillige motivasjon og kraft til å halda fram i fotballen - anten som spelarar, trenarar, lagleiarar, dommarar eller frivillige.

Den siste tida har alle klubbane på Stord merka eit fråfall i mange aldersgrupper og det har forsterka seg gjennom koronapandemien. No tek ein felles grep for å snu utviklinga.

Mottoet for det nye prosjektet er: «Flest mogleg, lengst mogleg – i eigen klubb».

For å få dette til trengs meir og betre samarbeid. Det handlar om å løfta i lag.

Prosjektet er tenkt å gå over fleire år og er no i ein oppstartsfase.

I førte omgang legg me opp til ei heil veke med ulike aktivitetar like før haustsesongen startar opp. Dato for arrangementa er 10. – 15. august. Uka før skulestart.

Så vil me gjere oss erfaringar og evaluera – og utvikla tiltak etter kvart.

Innan kort tid vil det bli lansert ei heimesida for prosjektet med utfyllande informasjon og der ein kan melda seg på.

Hovudsamarbeidspartnar for prosjektet er Trond Mohn. Det er me svært glade for. Han har gjennom mange år engasjert seg og støtta opp under idrett og aktivitetar for barn og unge. I tillegg til Mohn er vi glade for at mange gode verksemder i Sunnhordland er med på laget som viktige og solide støttespelarar.

Me har fått med oss: Haugaland Kraft, Subshore, Alltec Services, Byrået, Sparebanken Vest, Leirvik, Aker Solutions og Urt & Ugras. 

Me har all grunn til å takke alle desse gode kreftene. Med deira entusiasme og fine bidrag er det mogleg for oss å skipa aktivitetar som gjer at me kan få ALLE ME!

 



Her er tiltaka:

ALLE ME! FOTBALLDAGAR

For barn i alderen 6 – 12 år

Onsdag 11.- fredag 13. august kl. 10 – 14.
Eigenandel.

ALLE ME! SEMINARET

Torsdag 12. august – gratis kveldsarrangement.

Me samlar alle fotballinteresserte for å bli kjent og gi inspirasjon til

aktive og frivillige.

ALLE ME! CUPEN

5’er cup for alderen 13- 19 år.

Fredag 13. – laurdag 14. august.

Alle me! Cupen er ein sosial cup der lag frå ulike

klubbar vert blanda. Cupen vert avslutta med god

mat og sosialt.

ALLE ME! DOMMARSAMLING

Tysdag 10. august kl. 17:00

Motivajsonssamling for dommarane i regionen.

 

 

SE VEDLEGG!