Gjennom det meste av pandemien har me blitt oppfordra til å oppretthalde aktivitetstilbodet for born og unge.

Det er mange meiningar om korleis me som samfunn skal tilpassa oss den pågåande smittesituasjonen, men som idrettslag ønskjer me å rette oss etter dei tilrådingane og instruksane me får frå organisasjonsledd over oss. I all hovudsak er dette sentrale instruksar frå til dømes FHI, Idrettsforbundet og særforbunda, samt regionale og lokale reglar og retningslinjer frå fylket/kommunen.

I ettermiddag vedtok politikarane i Stord ei ny forskrift (gjeldande til 9. april) som påverkar kva aktivitetar me kan gjennomføre i IL Solid. For vår del seier forskrifta i hovedsak at det ikkje er tillate å organisera idrettsaktivitet innandørs, men utandørsaktivitet kan gjennomførast med opp til 20 personar.

Symje-, handball- og turngruppene vert direkte råka av dette, så ordinær trening i desse gruppene vert avlyst.

Sjølv om utandørsaktivitet kan gjennomførast og me i utgangspunktet ønskjer å oppretthalde aktivitetstilbodet i fotballgruppa, ser me på det som utfordrande å gjennomføre desse på noverande tidspunkt, så av smittevernfaglege og organisatoriske grunnar vert fotballtreningane og avlyst til over påske.