Nominasjonar til æresmedlemskap, eldsjel-prisen og heidersmerke kan sendast til leiar av merkenemnda, Kurt Grundvold, på e-post: kurt.grundvold@sklbb.no.
Frist for å komme med nominasjonar i 2021 er 5. februar.
- Æresmedlem (oppdatert)
Eit Æresmedlemskap er den høgaste utmerkinga eit medlem kan få i IL Solid og kan tildelast medlemmer som har utmerka seg særleg, og fyller fleire av desse vilkåra:
- Har lang og tru teneste i klubben og har vore eit godt førebilete for klubben og dei verdiane klubben har - Respekt, Engasjement, Inkluderande, Rettferdighet
- Har engasjert seg i fleire ulike verv/grupper i IL Solid over lengre tid
- Har sett eit særleg preg på IL Solid som aktiv, trenar, styremedlem eller med anna arbeid
- Eldsjel-prisen (Ny)
Eldsjel-prisen kan tildelast eit medlem som har utmerka seg over tid ved å innfri eit eller fleire av desse punkta:
- Gjera ein innsats som trenar/lagleiar/styremedlem i ei gruppe over lengre tid, ut over det «normale».
- Representera IL Solid på ein positiv måte. I lokale, regionale eller nasjonale verv innan idretten.
- Vera initiativtakar til ny aktivitet, eller bidra sterkt til å oppretthalda eksisterande aktivitet.
- Vera eit førebilete for klubben og verdiane til klubben – Respekt, Engasjement, Inkluderande, Rettferdighet.
- Heidersmerke (Ny)
Heidersmerke kan tildelast eit medlem som innfrir eit eller fleire av desse punkta:
- Vunne gull i NM, eventuelt har fleire sølv- og/eller bronsemedaljar
- Representert Noreg i landskampar, internasjonale meisterskap
- Representert IL Solid som dommar/trenar i fleire år på krets og/eller nasjonalt nivå
- Månadens Solid-ven (Ny/oppdatert)
Månadens Solid-ven kan tildelast eit medlem i ei av gruppene som har utmerka seg spesielt, gjort nok meir enn forventa i løpet av den siste tida. Vert delt ut av gruppene, når dei meinar nokon fortener det. Månadens Solid-ven har vore utdelt tidlegare, men har no fått status som eit offisielt heidersteikn for heile klubben.
Statuttar for utdeling av heidersteikn finne ein her.