Regjeringa har uttalt at ein, så langt som mulig, ønskjer å skjerme born og unge frå innstramingane som vart introdusert denne veka. Det er og tidlegare uttalt at regjeringa ønskjer eit mest mogleg intakt aktivitetstilbod til born og unge.

For å kunne tilby eit aktivitetstilbod og samstundes ivareta smittevernet må eventuelle aktivitetar skje i samsvar med både lokale tiltak, den generelle smittevernrettleiaren for idrett, og eigne koronavettreglar for kvar idrett.

I samsvar med dei lokale oppmodingane for Stord kommune vil me difor:
* Avlyse all idrett for vaksne over 20 år
* Avlyse alle kampar, turneringar, stemner og liknande
* Avlyse eller utsetje sosiale samlingar, avslutningar og andre utanopmsportslege aktivitetar
* Gjennomføre eventuelle møter digitalt

Me ønskjer samstundes å oppretthalde eit visst aktivitetstilbod for born og unge, så lenge me klarar å gjennomføre aktivitetane på ein smittevernfagleg måte. Det kan lett skje organisatoriske utfordringar som gjer at treningar vert avlyst. Aktivitetane våre er drivne av frivillige det kan godt skje at nokon ikkje kan eller ikkje ønskjer å stille på treningar i den perioden me er inne i.

Det er ikkje forventa at alle utøverane kjem på trening, men sei frå på førehand, slik at me kan planlegge både aktivitet og smittevern tilsvarande. Me oppmodar til å bruke Spond aktivt framover, både til å ha oversikt over tidspunkt for treningar, kven som møter på trening og til å ha ein dialog om t.d. smittevern.

Ta vare på kvarandre, vask hender, hald avstand og hald deg heime om du, eller nokon i husstanden har symptom.