Nye æresmedlem i jubileumsåret!

Solid fyller 75 år i 2020. I samband med jubileet kan det delast ut nye æresmedlemskap, og det er no høve til å komma med forslag til aktuelle kandidatar. Æresmedlemskap kan gis til medlem som har utmerka seg særleg i arbeidet for laget og kan tildelast medlemmer som fyller eitt eller fleire av desse vilkåra:

  • Har lang og tru teneste i klubben og har vore eit godt førebilete for klubben og dei verdiane klubben har - Respekt, Engasjement, Inkluderande, Rettferdighet
  • Har engasjert seg i fleire ulike verv/grupper i IL Solid over lengre tid
  • Har sett eit særleg preg på IL Solid som aktiv, trenar, styremedlem eller med anna arbeid

Forslag med grunngjeving kan sendast på e-post til kurt.grundvold@sklbb.no, innan 30. november 2020.

 

Tilbake