Klubben oppstod i «fredsrus» når idretten kom fram i lyset att, etter fem år med okkupasjon og meiningstvang. Sagvåg og Litlabø hadde tidlegare hatt eigne idrettslag, men krigen hadde viska ut gamal splid og eit felles idrettslag ville bidra til fellesskapskjensla, skapa identitet og gje bygdefolket eit lag å vera stolte av.

Namnet Solid oppstod som ei avkorting av ‘Sagvåg og Litlabø Idrettslag’ og symboliserer i tillegg noko traust, slitesterkt og dugande. Som 75-årsjubilant synes me dette er karakteristikk som passar klubben godt!

Diverre har ikkje jubileumsåret blitt heilt som tenkt, sidan korona-pandemien har lagt ein stoppar på dei fleste aktivitetane me hadde planlagt. Me håpar framleis å få i stand ei jubileumsmarkering i november, men om me ikkje kan invitere med oss alle som vil, kan me komme til å utsette denne til situasjonen tilseier at dette er trygt.