Bydelen vil med dette vedtaket få ein fantastisk skule og eit markant løft av aktivitetstilbodet. Me ønskjer å gratulere innbyggjarane, idrettslaget, lag- og organisasjonslivet og heile kommunen med eit godt vedtak. No gler me oss til at skulen blir klar til bruk, om litt over to år!

Det er ikkje til å leggje skjul på at IL Solid har engasjert seg sterkt i prosjektet. Sidan 2012 har me jobba særs målretta med å få realisert eit "aktivitethus" der idrett og kultur kan møtast. Me er glade for at draumen vår omsider er i ferd med å gå i oppfylling!

IL Solid har 75-årsjubileum i år, så å få eit slik vedtak "i gåve" er fantastisk.

Det har vore ei klar målsetting for oss å få til aktivitetsflater som gjer at me når ut til fleire typar målgrupper og at det kan skje fleire aktivitetar samstundes. Me er difor glade for at skulen mellom anna vil få:

  • Fleirbrukshall til ball- og lagidrettar
  • Basishall for turn og trening av styrke, smidighet og motorikk
  • 25m-basseng til opplæring, mosjon og symjetrening
  • "Buldrefoaje", til småklatring
  • Kunstgrasbane for 7-arfotball

Me er sjølvsagt særs glade for at me no klarar å få ein "heimebane" for inneaktivitetane våre og håpar at både kommunen og andre lag og organisasjonar blir med oss å fylle skulen med liv og røre etter om ettermiddagane. Skulen vil gje oss ein eineståande sjanse til å skape nye aktivitetstilbod for folk i alle aldrar. Har du idear om aktivitetar eller har du lyst å engasjere deg så er det berre til å seie frå!