Rådmannen skreiv eit notat om bassenga i kommunen i 2019, som vart brukt som grunnlag då kommunestyret gjekk inn for at det skulle byggjast nytt basseng på Nysæter.

Rapporten omhandlar ikkje kva for eit basseng som bør byggjast, men konkluderer med at bassengkapasiteten på dåverande tidspunkt var på eit minimumsnivå og at det difor var naudsynt at det vart bygd nytt basseng som del av prosjektet.

Rapporten er henta frå sakspapira til kommunestyret og ligg ikkje, så vidt me veit, ute på nettsidene til kommunen som eit sjølvstendig dokument.