Solid EMS cup er blitt ei av dei viktigaste inntektskjeldene til fotballgruppa. Kvart år blir det utført omlag 2200 dugnadstimar for å gjennomføre cupen. Det er difor svært motiverande å ha ein bankforbindelse som verkeleg ser verdien av dette arbeidet, og støttar arbeidet vi gjer for barn og unge. Dette bidrar til at vi i åra som kjem kan fortsette å skape gode opplevelsar for barn og unge i vår region. Torsdag 18.06 var fotballeiar Torleif Værøy og mottok gåva frå Unni Våge i Sparebanken Vest.

Sparebanken Vest sitt Koronafond vart oppretta for å kompensera for bortfall av inntekter til frivillige lag og organisasjonar. Du kan lesa meir om fondet Her: https://www.spv.no/om-oss/nyheter/2020/04/koronafond