Nysæter Ungdomsskule ser ut til å bli dyrare enn dei fleste av oss frykta. Om alle opsjonane vert innfridd kostar skulen, på papiret (brutto) ytterlegare 46 millionar meir, men spelemidlar og momskompensasjon gjer at beløpet vert meir enn halvert til 21 millionar.

IL Solid har i tillegg vedtatt å bruke heile 5 millionar for å få realisert opsjonane, i tillegg vil klatreklubben bidra med opp mot 650000. Innløysing av alle tre opsjonane vil difor berre koste kommunen vel 15 millionar meir.

Innløysing av opsjonane vil bety at kommunen vil få ein mykje betre og framtidsretta skule på Nysæter. For oss som har kjempa i mange år for anlegget vil opsjonane bety at me kan mangedobla antall medlem som får tilrettelagte treningsforhold på Nysæter. Både turngruppa, symjegruppa og klatreklubben er avhengig av opsjonane for å få tilgong til betre treningstilhøve.

Utan at fotball, turn og symjing har ikkje IL Solid nok av korkje medlem eller frivillige til å drive hallen, og skape ein møteplass, slik me har planlagt alle desse åra.

I rapporten med innspel til kommunedelplanen står det skrive:

"Svært mange innspel handla her om fysisk tilrettelegging. Øvst av tiltakskategoriane kom nye møteplassar. Det er eit sterkt ønske om eit lokalt «kulturhus» /fleirbrukshall der både idrett og kultur kan bløme.

Slik hallen no framstår vil "møteplassen" berre oppstå i eit par minutt om gongen, i gangen eller garderoben når ei gruppe avløyser ei anna.

Utan opsjonar er det berre handballgruppa vår, på omlag 30 medlem, som får tilrettelagte treningstilhøve på Nysæter.

Gode, tilrettelagte aktivitetsflater avlar aktivitet. Klarar me i tillegg å skape eit trygt og godt miljø rundt dei som trenar, dukkar det opp både gode idear, nye aktivitetar, interessert ungdom og fleire frivillige. Det er dette som må til for å lukkast med eit slikt anlegg.

Det er parallelle aktivitetsflater som har gjort at det er teikna inn idrettsfoaje, kontor til dagleg leiar, kiosk mm. Utan opsjonane forsvinn og mykje av trongen etter desse fasilitetane.

Det oppstår ikkje eit klatremiljø når ein berre har buldrevegg. Ein får ikkje fleire symjarar når bassenget er for kort til å strekke ut armane. Ein får ikkje fleire turnarar (eller turntrenarar), når tida går vekk i rigging og demontering av utstyr. Ein får ikkje meir aktiv ungdom når ein ikkje får eit anlegg der unge treff andre unge som er i kjekk aktivitet.

Å låne 270 millionar til 0-alternativet er lite kostnadseffektiv bruk av pengar. Kommunen sin eigen bassengrapport konkluderer med at "dagens løysing med 3 basseng til bruk for lovpålagt symjeopplæring, er eit minimum", samstundes som kapasiteten for både symjetrening og terapitimar er sprengt. Ungdommen i kommunen, samt innbyggjarane i Sagvåg og Litlabø treng og etterlyser eit meir variert og betre aktivitetstilbod, og gode, trygge møteplassar for ungdom.

For 15,35 millionar går ein frå ei til fire aktivitetsflater for ungdom, legg forholda tilrette for folkehelsa, skapar gode møteplassar, aukar bassengkapasiteten og skapar ein skule kommunen kan vere utruleg stolte av.

For å redusere prisen ytterlegare har me allereie spelt inn fleire forslag til prosjektleiinga, inkludert å redusere arealet på basishallen, med tilbakemelding frå prosjektleiinga om at dette ikkje kunne sjåast på før i detaljplanlegginga, då i samråd med entreprenøren.

Til sjuande sist er spørsmålet om kommunen skal låne 270 til ein vanleg skule eller 286 millionar til eit anlegg som mangedoblar bruken. Me er ikkje i tvil om at kommunen er best tent med å velje det siste.