Du er velkommen på ein oppstartsdag no før sommaren – så vil ordinære treningar starte opp i august når du startar på skulen.

 

På oppstartsdagen vil gode Solidtrenarar lage til ei kjekk treningsøkt slik at du får ein smakebit på korleis det er å spele fotball.

 

På denne treninga møter både gutar og jenter samstundes.

 

Medan du og dei andre spelarane har trening, vil foreldre/føresette få informasjon om IL SOLID fotballgruppa.

 

Oppstartsdag:     Søndag 14.juni kl 17.00 – 18.00 på Solidbanen

 

Me håper å sjå deg og gler oss til å bli kjent med deg og få bidra til at du trivst og får gode opplevingar i klubben vår.

 

Helsing

IL Solid Fotballgruppa