I samsvar med fleire av særforbundea har IL Solid vedtatt at all aktivitet i idrettslaget vert avlyst ut april. Dette inkluderer treningar, samlingar, kampar, basaren og Eat Move Sleep. Årsmøtet er og utsett inntil vidare.

Dette er ikkje ein situasjon me ønskjer å vera i, men vedtaket kjem som følgje av FHI sine anbefalingar om tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset i Norge. Idrettslaget følgjer situasjonen tett og får løpande oppdateringar frå mellom anna Idrettsforbundet.

Meir informasjon finn ein på mellom anna FIH og NFF sine nettsider.