Bakgrunnen for dei nye krava er at idrettsstyret har vedtatt å etablere eit felles medlemssystem for norsk idrett, for å sikre eigarskap, kvalitet og kontroll over eigne medlemsdata.

Sidan store delar av klubben har allereie tatt i bruk Spond som kommunikasjonsplatform ser med fordelar med å ta i bruk den nye klubbløysinga til Spond. Denne løysinga er blant dei som er godkjent av Norges Idrettsforbund.

Som medlem av Norges Idrettsforbund er me pålagt å følgje forskrifta om idretten sitt medlems- og organisasjonsregister. Me er difor pålagt å registrere følgjande om kvart medlem, anten det er som utøvar eller frivillig/støtteapparat:

a) Navn
b) Fødselsdato
c) Kjønn
d) Adresse
e) Telefonnummer
f) E-postadresse
g) Dato, beløp og status for betaling av medlemskontingent og trenings-/aktivitetsavgift
h) Dato for innmelding og avslutning av medlemskap
i) Rolle som den enkelte innehar.
j) Tilknytning til idretter
k) Andre relevante opplysninger som NIF har besluttet skal registreres


I tillegg er det krav om at alle personar skal være verifisert med fødselsnummer via Idrettens ID-løysing.
Mange har allereie fått e-post der ein blir bedt om å fylle ut manglande informasjon. Me håpar de kan hjelpe oss å fylle ut denne.