For 8 år sidan starta eg trenarkarriera mi i Solid, den gongen for eit 5-6 år gammalt jente lag. Allereie då møtte eg min første støttespelar i Solid i Ben Storesund.

Eg var så heldig at kvar trening så tok han seg av dei jentene som hadde ein dårlig dag. Etter kort tid som trener for dette laget gjekk det å være trenar frå noko som var ein hobby til noko som blei eit mål og draum for framtida.

Det å satse mot noko er ein følelse som er heilt unik, spesielt når ein når mål og delmål. Det å bli satsa på er ein minst like god følelse. Denne følelsen har eg hatt kvart år eg har vore i Solid.

Eg har igjennom mine år i Solid som trenar spurt om å få gå på ulike kurs, kurs som ein 20-årig student ikkje hadde hatt råd til. Dette fiksa Solid! Satsinga til Solid på trenerkrefter er ein stor faktor til at eg den 14. oktober kunne kalla det å være fotballtrener for min jobb, då eg starta i jobben min for Sting-Titans Soccer i Dallas i USA.

Dette er ein av dei største og mestvinnande ungdomsklubbane i USA. Ved å ha blitt "oppdratt" i Solid har eg fått oppleva mykje læring gjennom gode samtalar med trenarar og leiarar i klubben. Eg trur at for å nå måla sine er det god hjelp og nødvendig med gode støttespelara.

  • Eg er takknemlig for måten Øystein Djuve og Erling Abrahamsen tok i mot meg då eg som 18 åring kom inn i trenerteamet til Solid/Trott
  • Eg er takknemlig for humøret til Leif Ottar Heimro som har gjort det lettare å være den positive treneren eg ynskjer å være.
  • Eg er takknemlig for assistenten og samtalepartneren Isabel Solvang Tofte.
  • Eg er takknemlig for godt samarbeid med leiar Torleif Værøy, sportsleg leiar Stig Ørjan Heimro, årets herretrenar Marius Monsrud og årets dame trenar Patric Mettälä som har respektert og høyrt på ein læregutt som meg.
  • Eg er takknemlig for NFF Hordaland ved Petter Pettersen, Magnus Tidan Johansson og Svein Ove Eikenes som også har satsa på meg ved å latt meg delta på kurs, latt meg holde kurs og latt meg få være sonetrener i Sunnhordland, dette har vore med å utvikla og utfordra meg som trener.
  • Eg er takknemlig for mor mi Grethe Fadnes og far min Roger Hansen for å ha vore dei største støttespelarane mine både på heimebane og på trenervegen. Dei har i lag med min no største støttespelar og kjæreste Maddy McCallum støtta meg i ein prosess som har vore lang og tøff med å skaffe meg ein fulltids trenerjobb i USA.

Til slutt vil eg takke alle som har vore rundt meg i trenerkvardagen av spelara, trenarar, familie og foreldre som har hjulpet og utfordra meg og dermed vore med å utvikla meg.