Sparebanken Vest hadde invitert Solid og andre motakere til ei samling på Arena Tirsdag kveld. Her fekk mange frivillige organisasjoner tildelt midlar til sitt arbeid. Solid Fotball fekk tildelt 25.000,- til sitt 3 årige prosjekt som har til hensikt å få fleire born i aktivitet. 

Vi ser at det er ei aukande gruppe born som ikkje startar med nokon fritidsaktivitet. For å gjere terskelen for å starte på ein aktivitet så låg som mulig, vil Solid Fotball tilby gratis treningsavgift for dei som startar med fotball i fyrste klasse. Prosjektet vil gå over 3 år.

Vi vil i løpet av desse 3 åra erfara kva treningsavgifta har å seie for rekrutteringa. Vi håper også at andre grupper vil dra nytte av kunnskapen i dette prosjektet.

Vi vil i denne perioden søke å dekke inn treningsvgifta hos våre samarbeidspartnere.

For oss i Solid Fotball er det viktig at alle som vil, uansett bakgrunn og økonomi får mogelegheit til å byrje med fotball.

Vi vil rette ei stor takk til Sparebanken Vest som igjen viser sitt samfunnsansvar, og støttar opp om frivilligheten.

Tidligare i år mottok Solid 1.000.000 kroner til ny hall på Nysæter