Forrige helg hadde dei eldste utøvarane sesongstart under Araberswim i Haraldshallen, Haugesund. Solid stilte noko redusert grunna sjukdom, men likevel hadde me 12 utøvarar med nedover. 2 av gutane stilte til start på sitt første approberte stemne, og det mest imponerande resultatet var det Thomas Fadnes Hatlevik som stod for med gullmedalje i begge øvelsane han deltok i. Totalt kom Solid heim med 8 medaljar. Nokre av utøvarane kom heim med personleg forbetring i alle øvelsane og totalt sett persa dei samla på 67 % av startane. God sesongstart og kjekt å vera i gong å ha testa formen. 

 

Denne helga var det Karmøyrekrutten i Karmøyhallen. Me stilte også der noko redusert, men fekk med oss 12 kjekke utøvarar. Medaljar til alle, mykje god symjing og mest av alt god meistring for alle! Seier til Solidjentene på stafetten, 2.plass på gutane.