Det er brei politisk semje om at det skal byggjast ny ungdomsskule på Nysæter og at det skal inkluderast kultur- og idrettsfasilitetar, som gjer at skulen blir den møteplassen bygda har etterspurt. For at dette skal bli realisert har me i IL Solid, saman med andre frivillige lag og organisasjonar, sagt at me ønskjer å bidra med både millionbeløp og forslag på gode løysingar.

Forrige veke kom det fram at skulen truleg vil bli ytterlegare utsett, då opsjonane (25m basseng, klatrehall og turnhall) kompliserer tilbodsarbeidet. Brått vart Nysæter Ungdomsskule dratt inn i valkampen på eit vis som var ganske uventa for dei fleste av oss.

Det siste året har me hatt gode samtalar med dei fleire av dei politiske partia, noko som i juni førte til at me fekk treningsbasseng, klatrehall og basishall inkludert som opsjonar i prosjektet. Dette er me svært takksame for. No er me inne i ein ny fase av prosjektet, med eit konkret mål: Å få opsjonane realiserte, saman med resten av den flotte skulen.

Diverre har opsjonane ført til at det no kan bli ei ny utsetjing av skulen, som me fryktar kan skape nye omkampar om kva som skal inkluderast. Me frivillige og skulen har gjennom heile prosjektet stått skulder ved skulder, noko me ønskjer å fortsette med, for me veit at brukarane av skulen, både i skuletida og om ettermiddagane, er tent med å få eit mangfaldig skulebygg og aktivitetssenter på Nysæter. Det er difor veldig uheldig at opsjonane vert nytta som forklaring på ei eventuell utsetjing.

Me må få lov til å gje ros til dei som er tydelege på at opsjonane skal realiserast, men veit sjølvsagt at nokre parti er i posisjon, medan andre er i opposisjon og at det er lettare å komme med lovnadar for somme enn andre.

Det høyrer til det politiske spelet at nokre parti tar tidlege standpunkt, medan andre tenkjer seg om både ein og to gonger før dei kjem fram til ein konklusjon eller ein lovnad. Dette er både som forventa og slik det må vera. Heldigvis ser det ut som at heile spekteret av parti har landa på at dei faktisk ønskjer å realisere opsjonane. Me er frustrerte over all ventinga og alle kampane me må ta, sjølv om me forstår at det er vanskeleg å love noko før ein veit prisen.

Den estimerte prisen på skulen vert ofte dratt fram og samanlikna med andre skular, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Sjølv om dette skapar interessante debattar og meiningar og alternative løysingar, hjelper ikkje dette på noverande tidspunkt - kanskje snarare tvert om. Me ønskjer den skulen som er vedtatt og ikkje fleire omkampar eller utsettingar.

Det er, og skal vera, skilnad mellom dei politiske partia i kommunen og det er vanskeleg å forutsjå om den politiske samansetninga etter valet vil påverke om opsjonane vert realisert eller ikkje. Først og fremst ønskjer me at Nysæter skal vera ei sak partia kan einast om, der ordskiftet er ei idemyldring om kva me gjer for å få opsjonane realiserast.

Me har stor tru på at opsjonane kan realiserast innanfor dei rammene som kommunestyret har sett for seg, så no må me finne ut korleis dette kan stadfestast utan at prosjektet dreg for langt ut i tid. I tida før neste kommunestyremøte håpar me å setje oss saman med heile spekteret av politiske parti, uavhengig av kven som sit med makta, for å einast om eit felles alternativ som gjer at prosjektet vert best mogleg og minst mogleg utsett.