IL Solid fotball har ei stund hatt Stjernelaget og no opnar altså symjinga opp for eige parti for born med funksjonsnedsetjingar. Det er eit viktig tilskot til den inkluderinga IL Solid jobbar med på fleire nivå.
 
Stjernepartiet passar for born frå 6-13 år med ulike funksjonsnedsetjingar. Og me er glade for å ha Anne Laukhamar Augustson med oss som trenar. Anne er utdanna Helsefagarbeider med vidareutdanning i miljøarbeid for personar med funksjonsnedsetjing og utviklingshemming, samt mange år bak seg som instruktør i symjing.
 
Me gler oss over at me kan tilby dette partiet og håpar me får med oss ein fin gjeng som vil læra seg å symja.
 
Ta kontakt med symjegruppa for meir informasjon: symjing@ilsolid.no