Velkommen til spelar/trenar/leiar/dommar/foreldre og til andre tillitsvalde i Idrettslaget Solid . Me er glade for at du vil vera med å bidra til at born, unge og vaksne i Sagvåg og Litlabø får gode idrettsopplevingar.

Idrettslaget Solid sitt motto er  ”SOLID – Rein glede”.

 

 

Klubbhandboka skal svare på dei viktigaste spørsmåla om klubben og gjere det enkelt å finne ut kva som gjeld internt i klubben. Ho skal sikre at det er kontinuitet i det som blir bestemt og gjort.

 

Klubbhandboka er laga av arbeidsutvalet i Idrettslaget Solid og blir oppdatert fortløpande.

Handboka skal vera eit levande arbeidsverktøy for alle medlem, utøvarar, foreldre,

styret, komitear, utval, tilsatte, trenarar og dommarar i klubben vår.

Handboka skal nyttast til å forstå og kommunisere kva som er viktig i klubben vår, kven me er og kva målgruppe me er til for.