Meldemsavgift
Alle som driver organisert idrett i regi av Norges Idrettsforbund (NIF) må vera medlem av eit idrettslaget og betale medlemskontingent. Dette gjeld om det er trening, kampar, konkurransar, stemner, cuper osv. Dette gjeld og alle som har frivillige verv i klubben.
Alle som har betalt medlemskontingent i klubben, er medlem. Medlemskapet vert rekna frå den dagen kontingenten er betalt. Medlemskontingenten vert fastsett kvart år på årsmøtet og skal betalast forskotsvis. Kontingenten skal betalast for kvart enkelt medlem.
Årsmøtet har vedtatt desse kontingentane:
- Ordinært medlem/utøvar: 150,-
- Frivillig (trenar, lagleiar, styremedlem mm): 150,-
- Støttemedlem: 150,-
- Æresmedlem: Gratis medlemskap
Generelt om medlemskapet
Ved innmelding skal medlema registrerast med namn, fødselsdato, adresse, e‑postadresse og telefonnummer. Namn og kontaktinformasjon til foresatte må opplysast om dersom medlemmet er under 15 år.
Alle som har betalt medlemskontingent i klubben, er medlem. Medlemskapet vert rekna frå den dagen kontingenten er betalt.
Årsmøtet har høve til å vedta ulike typar kontingentar, til dømes for barn, ungdom og vaksne. Ein kan òg vedta ein familiekontingent i idrettslaget, som ei rabattordning. Det vert ikkje då eit felles medlemskap for heile familien, men eit rabattert medlemskap for kvart enkelt familiemedlem.
Medlemskontingenten skal, i samsvar med klubben si lov, vera på minst kr 50 per person.
Ein tilsett i idrettslaget kan vera medlem i idrettslaget, men har ikkje stemmerett på årsmøtet og kan heller ikkje inneha årsmøtevalgte verv i idrettslaget.
Meir informasjon om vilkåra for medlemskap finn ein på Idrettsforbundet sine nettsider: https://www.idrettsforbundet.no/tema/retningslinjer/medlemsvilkar/
Treningsavgifter
Treningsavgiftene vert fastsett av årsmøtet eller årsmøtet gir gruppestyra fullmakt til å fastsette treningsavgiftene for gruppa si aktivitet (jf. § 16 (11) i lovnorma).
I IL Solid er det vanlegvis praksis å gje gruppestyra fullmakt til fastsette treningsavgiftene.
Treningsavgiftene skal fastsettast på bakgrunn av faktiske kostnader med aktivitetane. Årsmøtet kan fastsette ei øvre grense på storleiken på treningsavgifta. Dersom medlemskontingenten vert kravd inn saman med treningsavgifta, skal begge vere spesifisert på fakturaen.
- Treningsavgifter fotballgruppa
- Treningsavgifter turngruppa
- Treningsavgifter handballgruppa
- Treningsavgifter symjegruppa
- Treningsavgifter friidrettsgruppa
Startkontingenter – deltakeravgifter
Deltakelse i konkurranser krever ofte startkontingent. I individuelle idretter er det som oftest slik at startkontingenten påløper for hver konkurranse. Det er varierende praksis for hvordan slike avgifter blir betalt. I individuelle idretter er det ofte den konkurrerende selv som betaler. Idrettslaget bør her si noe om hvordan avgiftene skal betales.
Ved deltakelse i lagidretter kreves det lagsavgifter. Den enkelte utøvers avgifter i lagidretter er vanligvis dekket inn gjennom treningsavgiften.